
Fossekall - stor spektakulær konsert ved Steinsdalsfossen
Laurdag 30. august 2008, kl 23
Musikk og regi ved Terje Isungset (Geilo/Bergen).
Her kan du sjå bileta av fotograf Reidar Solberg frå
konserten.
Tusen takk til alle som kom og gjorde Fossekall
konserten til ei stor oppleving både for arrangørar, artistar og
publikum!
Akkurat antal publikum veit me ikkje, men at det var fullt ved
Steinsdalsfossen var det inga tvil om! Etter tilbakemeldingane å
døma var dette eit svært populært arrangement. Alle kunne umogeleg
sjå alt, men me ynskjer å tru at lyd og lys var ei oppleving i seg
sjølv det og.
Det er mange som er i sving for å få eit slikt stor arrangement til
å gå, og Hardingtonar ynskjer å retta ein stor takk til alle. Ein
spesiell takk går til dei 10 ungdomane som stilte opp og var med og
sette prikken over i-en i lydbiletet! Tusen takk!
Musikk og regi er ved plateaktuelle Terje Isungset. Isungset har
tidlegare blant anna brukt is og organisk materiale til å laga
musikk og musikk instrument. No har han skrive musikk for foss. Ein
kan venta seg mange nye spanande inntrykk denne kvelden. Konserten
er ein hyllest til vatnet og naturkreftene. Med seg har Isungset
musikarar og dansarar frå inn- og utland. Dette vert ein heilt
spesiell konsert og ei oppleving for auga og øyra, både for lokale
og tilreisande.
Naturen legg premissene for framføringa, og konserten vert ein
hyllest til fossen sine mange liv. Her kan det vera fossen som
kallar, mennesket sitt rop i fosseduren eller vesle Fossekallen
sjølv.
”Fossen har vært liv og død for folk i Norge i generasjoner. Den
har også gitt inspirasjon til mange myter, til musikere og
komponister” seier Isungset. I år er det 100 år sidan Olav H. Hauge
og komponisten Geirr Tveitt vart fødde. Hauge skreiv fleire dikt om
vatnet og vågen, og Tveitt skreiv om Songjen i fossaduren. Hauge/Tveitt
jubileet vil definitivt setja sitt preg på arrangementet.
Steinsdalsfossen, Norheimsund
Partnarar:



